Program
Fredag
Første post på programmet for Ljom er intimkonsert med ein trio frå laget.
Stad: Gimle, 2. høgda
Pris: Kr. 50,-/60,-
I høve jubiléet har ei lita gruppe flittige lagsfolk laga eit jubileumsheftet over dei 10 siste åra. Det vert høve til å kjøpe ho heile helga.
Stad: Gimle, 2. høgda
Det er ikkje berre laget som feirar år i år, men det er òg høvesvis 50 og 100 år sidan Fensal og Gimle kom inn i rørsla. Torgrim Ljones vil ta oss med gjennom historia til desse flotte bygardane.
Stad: Gimle, 2. høgda
Laurdag
Alle som har kjøpt helgepass eller dagspass får servert lønsj.
Stad: Gimle, storsalen
Det vert stor festmiddag denne kvelden. Det vert servert lammesteik med sesongens grønsaker, fløytegratinerte poteter og saus med karamellpudding til dessert.
Med oppfordrar til alle å ta på seg bunad!
Stad: Gimle, storsalen
Pris: Kr. 400,-/500,-
Les meir om festlegheitane her.
Med oppmodar alle til å ta på seg bunad!
Stad: Gimle, storsalen og 2. høgda
Ved midnatt vert heile festen avrunde med ein felles broderring i Gimle. Me syng Gje meg handa di ven.
Sundag
«Inn til vegge»-leikar
Bli med på bergenske songleikar for barn, ei kjekk blanding av song, dans og leik. «Inn til vegge»-pikene er ofte å sjå i Gamle Bergen, men denne sundagen held dei kurs i Gimle.
Stad: Storsalen i Gimle
Pris: 100,- for eitt kurs / 150,- for båe barnekursa
Kveding med Judith Vestrheim
Stad: Storsalen i Gimle
Pris: 100,- for eitt kurs / 150,- for båe barnekursa
Det blir leia dans til Bergen Juniorspelmannslag i ein festpynta storsal. Du vil også sjå og høyre høgdepunkt frå dagens kurs i «Inn til vegge» leikar og kveding. Bursdagfest med pølser, kake, saft og kaffi.
Stad: Storsalen i Gimle
Pris: Vaksne kr. 60/80, barn går gratis!