Overnatting

Når ein skal på kurs heile dagen og fest heile natta skulle ein kanskje tru at ein ikkje trengte overnatting, men all erfaring tilseier at det er kjekt å ha. Om du ikkje har vener eller familie med ein sofa til overs kan me tilrå eit av dei tre hotella til lagsbruket vårt.

TILBOD!

Om de tingar før 11. september ved å sende ein epost til annrita@hordaheimen.no kostar det kr. 695,- for einskildrom per natt inkludert frukost, og kr. 895,- for dobbeltrom per natt inkludert frukost. Tilbodet gjeld Hotell Hordaheimen.

Hotell Hordaheimen


Kjenn deg som heime på tradisjonsrike BW Hotell Hordaheimen frå 1918.  Vi tilbyr 88 nyrenoverte hotellrom i hjarta av Bergen, samt møterom og Kaffistova med heimelaga husmannskost. Gangavstand til Gimle og Fensal.


Hotell Hordaheimen
C. Sundts gate 18
5004 Bergen

Ole Bull Hotel & Apartments


Ole Bull Hotel & Apartements har 60 fullt utstyrte leiligheter av høg standard. Bu i Bergens kulturelle hovedgate med gangavstand til Gimle og Fensal, og alt anna Bergen by kan tilby.


Ole Bull Hotell
Øvre Ole Bulls plass 3
5012 Bergen

Sandviken Brygge Hotell


Våkn opp til fuglekvitter og sjøbris! På heimekoselege Sandviken  Brygge Hotel bur du sentrumsnært, men likevel med naturen som nærmaste nabo. Har 45 komfortable rom, og gode parkeringsmoglegheiter. Det tek omlag 20 minutt å gå til sentrum.


Sandviken Brygge Hotell
Sandviksveien 94
5035 Bergen