Barnekurs
Det vert to barnekurs i storsalen i Gimle sundag 18. oktober.
Det koster kr. 100,- for å delteke på eitt av kursa, og kr. 150,- for å delteke på båe to.
«Inn til vegge»-leikar
Kl. 13.00 – 14.20
Bli med på bergenske songleikar for barn, ei kjekk blanding av song, dans og leik. «Inn til vegge»-pikene er ofte å sjå i Gamle Bergen, men denne sundagen held dei kurs i storsalen i Gimle.
Kveding for barn
Kl. 14.30 – 15.50
Judith Vestreim er godt kjend hjå både unge og eldre i folkemusikkmiljøet i Indre Sogn, der ho blant anna leier barnekoret Krudlalaget og reiser rundt til barnehagar og skular og har med gamle songskattar gjennom ulike prosjekt. Sundag 18. oktober tek ho med nokre av songskattane og vil kveda saman med born i Gimle.