Seminar: Huset i Byen
Dette er eit seminar for lag som eig eller del-eig hus og lokale i byar. Bylaga står ofte ovanfor andre utfordringar enn ungdomhusa rundt om i bygdene. Med dette seminaret ønskjer me å invitere bylaga til å møtast i eit forum kor desse utfordringane kan takast fatt i. Me ønskjer òg at seminaret vert eit høve til å utfordre og inspirere kvarandre og utveksle idéar og tankar som ein kanskje berre har prata om med sitt eige lag om tidlegare.
Program:
Laurdag 17. oktober
10.00: Presentasjon av deltakarar og velkomen til seminar
Alle deltakarar presenterer seg med namn og lag. Høve til å fortelje litt om eigen situasjon kring hus og lag.
10.20: Motkultur og ungdomshus med ambisjonar v/Jon Låte
Jon Låte fortel om ungdomshusa i byane før, no og framover. Presentasjon av prosjekt i NU og nettportal om ungdomshus.
11.00: Presentasjon av Ervingen Kulturhus v/Åslaug Trageton
Presentasjon av drifta av Kulturhuset Gimle og Kulturhuset Fensal. Utfordringar og framtidsplanar.
11.30: Presentasjon av Nynorskens Hus v/Liv-Hege Skagestad
Nynorskens Hus har no haldt det gåande i over eit år og Liv-Hege fortel om idéen, gjennomføringa og framtidsvyane.
12.00: Presentasjon av NU-formidling v/Håvard Ims
12.30: Ope ordskifte
13.00: Lønsj i Gimle
14.00: Huset i Byen v/Hanna K. Hekkelstrand
Huset i Bygda er no eit velkjent prosjekt for dei fleste i rørsla, men kva kan Huset i Bygda gjere for husa i byen?
14.30: Folk i Huset v/Hanna K. Hekkelstrand
Huset i Bygda, Folkekulturakademiet i Hordaland og Hordaland Musikkråd har gått saman om prosjektet “Folk i Huset”. Hanna fortel om kva prosjektet går ut på, og korleis dette kan kome byhusa til gode.
15.00: Kven er vi som eig og driv huset? v/Liv-Hege Skagestad
Kva rolle har laga og lagshusa i byen i dag. Er vår rolle å drive utleige av sal til konferansar og kurs, eller har me eit større oppdrag som kulturformidlarar?
16.00: Ope ordskifte
ca. 17.00: Seminaret er slutt
19.00: Festmiddag i Gimle (eigen billett)
Deltakaravgift: kr. 200,- for NU-medlemmar, kr. 300,- for andre.
Tilmelding: Send epost til torbjorn@bergen.ungdomslag.no med namn og lag, og om du ønskjer å betale i døra eller få tilsendt faktura.
Festmiddagen: Billett til festmiddagen kan kjøpast på https://bulervingen.ticketco.no/ljom2015. Siste frist for kjøp av billett til middag er sundag 11. oktober. Pris: kr. 400,- for NU-medlemmar og studentar, og kr. 500,- for andre.
Fredag 16. oktober kl. 19.00 vert det konsert, lansering av jubileumsbok og føredrag om historia om Kulturhuset Gimle og Kulturhuset Fensal. Pris: kr. 50,-